Tilbake
foto Gyldendal
Gyldendal

Engel i snøen

BESTILLNGSTILBUD

Det er vinter og snø, men ikkje alle er ute og leikar i snøen. Nokon orkar berre å stå ved vindauget og sjå ut på snøkrystallane. Nokon vil ikkje at pappa skal vita at ein har det vondt, sjølv om pappa veit at ein er sjuk. Veldig sjuk. Nokon har snart bursdag. Nokon skal snart døy.

I denne framsyninga har forfattar Anders Totland skrive musikk til den prisvinnande ungdomsboka Engel i snøen (2016). Forfattaren framfører sjølv heile boka frå start til slutt, medan han speler piano.

Arnfinn Kolerud og Tamara Sortland ved Vagsøy Folkebibliotek: «Vi vil absolutt tilrå eit besøk av Anders Totland. Han engasjerte to 7. klasser med opplesing, pianospel, nyttige skrivetips og artige historier (sanne eller halvsanne). Totland
er ein god entertainar, så timen fauk avgarde. Eit godt døme på at ungdomen er opne for anna litteratur enn den som ligg på sals- og utlånstoppen, berre dei får sjansen til å møte han.»

Kan passe for Den kulturelle spaserstokken.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Troms fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Anders Totland

Om kunstner / utøver / gruppe

Utdanna kokk og samfunnsvitar. Jobbar som journalist, og har dei siste to åra gjeve ut fire bøker. Den første ungdomsboka mi, Engel i snøen, vann nynorsk barnelitteraturpris for 2016. Kjem etter planen med to nye ungdomsbøker i 2018.

Publikumskommentarer